søndag 13. mars 2011

Den tida øl var sunnare enn vann


Om sjukdommens årsak og behandling er skreve av Hildegard von Bingen. Ho var abbedisse ved eit kloster i Tyskland. Hildegard hadde mange religiøse syn som ho skreiv ned, og disse ble veldig kjent. Om sjukdommens årsak og behandling er ein tekst der Hildegard har blanda ting dei trudde på 1100-talet, blanda med eigne erfaringar. Alt er blitt satt i samanheng med Guds skaparverk.

Det er enkelte utsagt som kan vise til at teksta ikkje er skrive på vår tid. For eksempel skriv ho om at lysta til ein mann er mykje større enn hos ei kvinne, og at den brenn mykje sterkare. Dette kan være fordi kjønnsrollene i Mellomalderen ikkje var slik som i dag, og kvinner skulle ikkje vise noe lyst. Eit anna eksempel er at ho skriv at vann svekker mennesket og at vi heller burde drikke øl som gir oss kraft. Vann på den tida var ikkje så veldig reint, mens øl som innehelder alkohol dreper bakteriane i ein større grad. At vannet var svakt skriver ho nok fordi at man ikkje blir rusa av vann slik man blir av øl.

                

Teksta består av 7 små tema; øl, føda, frukost, kvinnas lyst, mannens lyst, befruktning og kjensler. Temaet i heile teksta er sjukdom og kva ein skal gjere for å unngå det. Hildegard bruker en del samanlikning i teksta. F.eks samanliknar ho kvinnas lyst med sola som varmar jorda og gir oss frukter. Hildegard personifiserer også enkelte kjensler. Ho skriver blant anna at mannens lyst kan sende flammer og kan kile seg inn i livmora til kvinna. 

Man kan også finne kontrastar i teksta, dei fleste kontrastane er kontrastar mellom kvinner og menn. For det meste at menn er mykje sterkare enn kvinna både psykisk og fysisk. Et godt eksempel på dette er når Hildegard skriver om lyst. Kvinnas lyst er myk, langsam og vedvarande, mens mannens lyst er som en heftig storm. Ordvalet til hildegard består av masse minusord, noe som hjelper henne å framheve alle dei negative konsekvensane som skjer om vi ikkje lever slik Gud vil.




Hildegard har fått fram Guds godskap og ”verdens mørke” når ho beskriv kjensler. Denne kjenslen beskriv  korleis menneskjene formar seg etter ein fødsel.
"Straks barnet er kommet ut, brister det i gråt, fordi det føler verdens mørke. For når Gud sender sjelen inn i menneskets legeme, er det som dens bevissthet sover. Men når sjelen er gått inn i legemet og har tilpasset seg kjødet og blodkarene, da våkner dens bevissthet."
Dette viser også at Hildegard trudde på Gud, og at Jorda er Guds skaparverk slik de fleste i Tyskland på 1100-talet trudde.

Hildegard sin tekst er ganske uaktuell for oss i 2011. Enkelte ting ho skriv er riktig, men stort sett er det meste feil. Vi vet for eksempel i dag at maten ikkje flyt fysisk rundt i blodkarene våre, men dette er samtidig en begynning på det vi med sikkerheit veit i dag. Kristendommen i Noreg er ikkje så sterk i dag, og forsking har slått ned på alt dei trudde om Gud på 1100-talet. Hildegard var heldig som levde da ho levde, for hadde ho levd nokre 100 år seinare ville ikkje ei kvinne få skrive slikt. Da hadde vi heller ikkje fått lært om korleis dei trudde ting var i Mellomalderen.


Kjelder
Bilde 1
Bilde 2
Hildegard medisin
Livet til Hildegard
Hør teksten (logg inn med feide)                                              

onsdag 16. februar 2011

Er det ikkje uro, skapas det uro


Dei fleste har nok høyrt om Snorre Sturlason, mannen som har gitt oss nordmenn litt av vår historiske identitet, med alle historiene sine. Uansett om historiene hans er rett eller rang, har Snorre bygd opp nordmenns nasjonalfølelse hundreår etter at han sjølv var teke av dage. Snorre var ein islandsk høvding, forfattar og skald. Han var ein av Islands mektigaste personar, og mange som har lest forteljingane hans vil kanskje seie at han er ein fæl person. Eg har valt å sette meg litt inn i kvifor vi ser på Snorre slik som vi gjør i dag. 


 
Når Snorre var om lag 20 år døydde ein av dei rike mennene på Island (Bersi). Snorre tok rask arv etter han, og flytta saman med kona si til Borg. Brått hadde Snorre fått tak i stor materiell rikdom, og han hadde arva godordet etter Bersi. Det er frå no av i livet til Snorre all litteratur begynner å kalle han styrlaus, svikefull, gjerrig, æresjuk, hard, urettvis og det som verre er.





Det er usikkert om Snorre eingang kjente kona si, men vi vet at de bare bor saman nokre år før Snorre drar ut for å utforske livet, mens kona blir igjen på Borg. Snorre har mange barn utanfor ekteskapet, og eit av dei heitte Orækja. Orækja var heilt klart problembarnet til Snorre. Orækja tergar på seg mektige folk, og drep alle som kommer i hans veg. Dette er med på å øydelegge Snorre sitt namn. 

Dei som har skreve om Snorre Sturlason har dei aller fleste opplysningane (både positive og negative) sine frå ein og same mannen; brorsonen til Snorre, Sturla Thordarson. Så bortsett frå det Snorre har skrive sjølv, er vi stort sett nøydt til å sjå Snorre frå ein mann sitt perspektiv.

 






Snorre var nok ikkje den hyggeligaste mannen, men det gav nok ikkje så mykje respekt å være hyggelig på den tida. Snorre var ein mann som fikk mye rikdom på kort tid. Vis ein ikkje veit koss ein skal handtere slik stor makt, så kan man fort bli gjerrig og hard for å beskytte makta si. Snorre Stulasons namn lever ikkje i dag utanfor fedrelandet sitt fordi han var ein stor og omstridd høvding. I Noreg lever han fordi han gav oss vår historie, og vi kan være glad vi har tatt vare på litteraturen frå den tida. 

Har du lyst til å lese meir om sjølve Snorre, så kan du lese denne boka:


Eller så kan du gå inn og sjå på kjeldene mine:
Snorri Sturlason - Biografi av Ivar Eskeland (bok)

torsdag 27. januar 2011

Nynorsk

Dette er min nye blogg. Denne bloggen er oppretta fordi norsklæraren vår har gitt alle i klassen i oppgåve å opprette ein blogg der vi skal skrive på nynorsk. Vi skal skrive både egne innlegg og innlegg med eit tema som blir gitt oss. Eg synes dette er et artig og annleis prosjekt, og det skal bli gøy å lese og gi kommentarar på dei forskjellige bloggene.

Ikkje alle i klassen er like glad for denne oppgåva, men eg håpar noen av de i klassen endrar syn etter kvart. 

Tilslutt legger eg ut ein video der Are Kalvø leser opp eit kåseri om nynorsk: