Dei fleste har nok høyrt om Snorre Sturlason, mannen som har gitt oss nordmenn litt av vår historiske identitet, med alle historiene sine. Uansett om historiene hans er rett eller rang, har Snorre bygd opp nordmenns nasjonalfølelse hundreår etter at han sjølv var teke av dage. Snorre var ein islandsk høvding, forfattar og skald. Han var ein av Islands mektigaste personar, og mange som har lest forteljingane hans vil kanskje seie at han er ein fæl person. Eg har valt å sette meg litt inn i kvifor vi ser på Snorre slik som vi gjør i dag.
Når Snorre var om lag 20 år døydde ein av dei rike mennene på Island (Bersi). Snorre tok rask arv etter han, og flytta saman med kona si til Borg. Brått hadde Snorre fått tak i stor materiell rikdom, og han hadde arva godordet etter Bersi. Det er frå no av i livet til Snorre all litteratur begynner å kalle han styrlaus, svikefull, gjerrig, æresjuk, hard, urettvis og det som verre er.
Det er usikkert om Snorre eingang kjente kona si, men vi vet at de bare bor saman nokre år før Snorre drar ut for å utforske livet, mens kona blir igjen på Borg. Snorre har mange barn utanfor ekteskapet, og eit av dei heitte Orækja. Orækja var heilt klart problembarnet til Snorre. Orækja tergar på seg mektige folk, og drep alle som kommer i hans veg. Dette er med på å øydelegge Snorre sitt namn.
Dei som har skreve om Snorre Sturlason har dei aller fleste opplysningane (både positive og negative) sine frå ein og same mannen; brorsonen til Snorre, Sturla Thordarson. Så bortsett frå det Snorre har skrive sjølv, er vi stort sett nøydt til å sjå Snorre frå ein mann sitt perspektiv. Snorre var nok ikkje den hyggeligaste mannen, men det gav nok ikkje så mykje respekt å være hyggelig på den tida. Snorre var ein mann som fikk mye rikdom på kort tid. Vis ein ikkje veit koss ein skal handtere slik stor makt, så kan man fort bli gjerrig og hard for å beskytte makta si. Snorre Stulasons namn lever ikkje i dag utanfor fedrelandet sitt fordi han var ein stor og omstridd høvding. I Noreg lever han fordi han gav oss vår historie, og vi kan være glad vi har tatt vare på litteraturen frå den tida.
Har du lyst til å lese meir om sjølve Snorre, så kan du lese denne boka:
Har du lyst til å lese meir om sjølve Snorre, så kan du lese denne boka:
Eller så kan du gå inn og sjå på kjeldene mine:
Snorri Sturlason - Biografi av Ivar Eskeland (bok)


Eg likte innlegget ditt Frida, du skriv bra! Snorre var sikkert ein storsjarmør sia han fekk så mange born utanfor ekteskapet. Dei kom vel ikkje med storken den gongen heller tenkjer eg.
SvarSlett